torsdag 13. april 2006

men Märtha kom ikkje....

I dag skulle vere den store kongelege dagen vi hadde venta på. Märtha, Ari, Maud Angelica og Leah Isadora skulle komme til Augsburg. Bakgrunnen var at Märtha skulle promotere boka si. "Why kings and queens don't wear crowns." og Ari skulle vere med til pynt. Men ikkje alt her i verden går etter planen. Märtha har blitt sjuk stakkar, og måtte avlyse, snakk om uflaks då... Jaja, ikkje noko vi kan gjere med det, men ein liten strek i rekninga var det.

Elles har eg no hatt mine siste eksamenar før avsluttande eksamen i byrjinga av mai. Skal bli greit med eit lite pusterom. Men det er BERRE 3,5 veke att. Tida fyke. Les BERRE som: å huff å huff, ikkje lenger! Kan tolkast i begge retningar.

Helga for 2 veker sidan var eg ein snartur til Chicago. Coldplay konsert på fredagen, og shopping på lørdagen, før vi tok fram bilen og køyrde tilbake til Augsburg. Etter to turar på amerikanske vegar er eg blitt godt vand med å klyre her, men eg må nok seie at eg trivst best med manuelt gir, sjølv om automatgir er praktisk i rush-trafikk og by køyring. Coldplay konserten var forøvrig ei storarta oppleving.

I morgon tidleg setter eg kursen mot Illinois for å besøke vertsfamilien min frå opphaldet mitt her i 2000. Skal tilbringe påska hos dei. Har trua på at det vert veldig kjekt, sjølv om det nok også blir litt rart. Det er jo 5,5 år sidan sist eg såg dei.