torsdag 13. april 2006

men Märtha kom ikkje....

I dag skulle vere den store kongelege dagen vi hadde venta på. Märtha, Ari, Maud Angelica og Leah Isadora skulle komme til Augsburg. Bakgrunnen var at Märtha skulle promotere boka si. "Why kings and queens don't wear crowns." og Ari skulle vere med til pynt. Men ikkje alt her i verden går etter planen. Märtha har blitt sjuk stakkar, og måtte avlyse, snakk om uflaks då... Jaja, ikkje noko vi kan gjere med det, men ein liten strek i rekninga var det.

Elles har eg no hatt mine siste eksamenar før avsluttande eksamen i byrjinga av mai. Skal bli greit med eit lite pusterom. Men det er BERRE 3,5 veke att. Tida fyke. Les BERRE som: å huff å huff, ikkje lenger! Kan tolkast i begge retningar.

Helga for 2 veker sidan var eg ein snartur til Chicago. Coldplay konsert på fredagen, og shopping på lørdagen, før vi tok fram bilen og køyrde tilbake til Augsburg. Etter to turar på amerikanske vegar er eg blitt godt vand med å klyre her, men eg må nok seie at eg trivst best med manuelt gir, sjølv om automatgir er praktisk i rush-trafikk og by køyring. Coldplay konserten var forøvrig ei storarta oppleving.

I morgon tidleg setter eg kursen mot Illinois for å besøke vertsfamilien min frå opphaldet mitt her i 2000. Skal tilbringe påska hos dei. Har trua på at det vert veldig kjekt, sjølv om det nok også blir litt rart. Det er jo 5,5 år sidan sist eg såg dei.

onsdag 29. mars 2006

On the road

Store delar av spring break vart tilbrakt på vegen. Så det høver vel med nokre bilder derifrå også...

Vel, summasumarum, dette var ein knakande bra tur.

Litt statistikk frå turen:

7 days
2 countries - Usa and Canada
7 U.S.-states - Minnesota, Wisconsin, Illinois, Indiana,Ohio, New York, Michigan
2.172 miles (or about 3.475 kilometers)
60 mph average speed
11-15 coffees
36 hours of “pure” driving (without breaks) – only 1 driver!$ 155 spent on gas

Toronto

Heldige so vi var kom vi til Toronto midt i rush trafikken tysdag ettermiddag. Og med 8 parallelle køyrefelt og fartsgrense på 100km/h, var det ei utfordring, men det gjekk over all forventning. Tysdagen var i ein kjapp tur downtown, for å finne oss litt mat og så var vi klar for litt lettare avslapping på hostellet.

Onsdag skulle vi utforske Toronto. Planane var mange, men ikkje alle gjennomførte. Vi skulle berre finne subway'en og så skulle ta den til by'n, men det var lettare sagt enn gjort. Så etter ein to timars ufrivillig sightsing i Torontos gater parkerte vi på parkeringshuset mitt i sentrum. Fyrste stopp var sjølvsagt Starbucks, vi måtte jo få dagens fyrste kaffi. Viktig, viktig.

Etterpå bar det opp i verdens høgste byggning, CN Tower, 553m høgt. Men den høgste høgda vi kunne komme på var 447m, men det var ganske høgt det og. Kunne ikkje klage på utsikta. Vidare gjekk turen til eit stort Science Museum, vi fekk litt knapp tid der, ettersom det tok noko lenger tid å komme seg dit enn vi hadde berekna. Og på vegen tilbake fekk vi einno ein ufrivilleg sightsing tur. Ikkje alltid like lett å halde styr på alle vegar og kryss... Jaja, det viktigaste var no at vi kom oss tilbake til dagens høgdepunkt, The Blue Man group - eit enormt stilig show med mykje lys, lyd og fargeeffektar. Dagen i Toronto gjekk altfor fort.

Young street - ei gate vi vart godt kjend med...







CN- Tower i bakgrunnen


Utsikt over Toronto, frå CN-Tower


Det var eit stykke ned...

Sei fargen du ser, ikkje les ordet...

tysdag 28. mars 2006

Niagara Falls

Frå Chicago gjekk turen vidare til Niagara Falls. Vi køyrde gjennom Indiana, Ohio, Pennsylvania og New York, til Buffalo, som låg på grensa til Canada. Ein liten køyretur på ca 9 timar i rein køyring, og med stopp gode 11 timar. Der fann vi eit overoppheta hostel, og fekk oss nokre timar søvn, før vi sette kursen mot Canada tysdag morgon.

Vi hadde eit spørsmål som gjekk igjen, og alle var like forundra over svaret. "Kor kjem dåkke frå?" Og vi svara som sant var; Slovenia, Tyskland og Norge. Også på grena til Canada var dei litt forundra over svaret, men stempla passa våre, og so kunne vi erobre eit nytt land. Fyrste stopp var Niagara Falls, og bildene seier vel sitt... Var kjempenydli. Og sola var på vår side. Vi streifa rundt der i 3-4 timar, før vi nesten måtte køyre tilbake til USA, fordi vi køyrde inn ein plass vi eigentleg ikkje skulle. Men så var det ei hyggeleg dame som slapp oss utatt... Neste stopp Toronto.







Neidå, eg hoppa ikkje...






måndag 27. mars 2006

Chicago

Sping break begynte med liv og lyst laurdag morgon 18.mars, då Katrin, Janja og meg sette oss i bilen for å gjere unna fyrste del av road tripen vår, Minneapolis - Chicago. Det gjekk overraskande bra heilt til vi hadde funne fram til hostellet der vi skulle overnatte. Eg var litt skeptisk til korleis det ville bli å køyre her borte, men det gjekk bra. Med atomatgir er det berre å la venstre foten vere i ro, og så går resten av seg sjølv. Vi fann greit fram til hostellet, og gjekk inn. Eigaren hadde allereie ringt oss å fortalt at han ikkje var der, så vi hadde fått ein kode for å komme oss inn. Vi vart møtt av ein avmagra katt, gamal oppvask, sure sokkar og eit rom som ikkje hadde vore vaska siste tida. Så vi bestemte ganske raskt at her ville vi ikkje bu... Så då sto vi der i Chicago då. Etter eit par telefonar til nokre andre hostel, og ivrig kartlesing, fann vi fram til ein plass der vi kunne slå leir for natta. Gode og trøtte alle 3.

Søndag var det tid for å utforske Chicago. Vi starta med ein tur i Lincoln park Zoo, før vi tok turen opp i verdens tredje høgste bygning, Sears Tower. Vandra litt rundt i byen, før vi avslutta dagen med middag på Navy Pier.

Katrin, Janja og meg klare for Lincoln Park Zoo.




Utsikt frå Lincoln Park Zoo til downtown.



Utsikt over Chicago

torsdag 23. februar 2006

NBA kamp, salmesong og geitost, eksamen

Det er vel nokre enke stikkord for kva noko av det eg har gjort på i det siste. Fredag 10.februar var det klart for min fyrste NBA kamp, Minnesota Timberwolves mot Utah Jazz. Og det er vel ikkje noko overhengande stor fare for at det kjem til å bli så mange fleire. Var heilt greit å vere der,men basketball var ikkje akkurat det som fenga mest. Skulle kanskje kunna litt meir om reglane og slikt før kampen...

Kvar er ballen? Viss du leitar, så finn du den.

Eg syns nok at maskotten var artigast.

Klare for kamp!

Og vi var ikkje åleine der, for å seie det slik...

Skal vel ikkje legge skjul på at eg er begynt å bli lei av maten her borte. Og det er eg ikkje åleine om. Lørdag 11 var det tid for shopping i downtown Minneapolis, med påfølgjande middag.

Janja, Elin, Linda, Hanne, Hanne, Mari og underteikna.

Du kan tru vi kosa oss!!! Middagen varte vel i 3 timar. På menyen sto blant anna heimelaga potetgull, ordentleg beef og sjokolade-lava kake (med flytande sjokolade inni).

Har vore i praksis to gongar no. Og det er veldig kjekt. Klasserommet må vere alle småskulelærarars draum. Det er mange små stasjonar rundt omkring som borna kan jobbe på, og veldig mykje ulikt materiell til rådigheit. I mårå har borna gått på skule i 100 dagar, så då skal dei ha "100 daga i Kindergarten" fest. Flaks for meg at det er ein torsdag, så eg får vere med :)

I går hadde eg min fyrste geometri eksamen. Og den tredje eksamenen totalt. Dei to fyrste gjekk bra, så eg får satse på at denne og gjorde det. Det kjedelegaste med heile eksamenen var at den starta kl 18:00. Kva er vitsen med det? For å sitere ein tidlegare lærar; Eg berre spør eg!

Apropo tidlegare lærarar. Mandag for to veker sidan traff eg på Marit Rong, som var KRL læraren min på Høgskulen i Bergen, her på Augsburg. Vi såg vel like spørjande ut begge to. Verden er ikkje stor. Søndag tok Bjørnar og meg oss ein tur i den norske kyrkja, som ligg ca 2km frå Augsbug, ettersom Marit var gjesteprest der. Gudstenesta føregjekk på norsk, og det var stort sett berre norsk-amerikanarar med høg lusekoftefaktor der. På kykjekaffien etter på måtte vi presentere oss, og folk var veldig interesserte i å snakke med oss ekte norske, for å høyre om vi kjende til slekta deira i Norge. Og det merksnodigaste av alt, var vel at eg i minst eitt tilfelle gjorde det. Under kyrkjekaffien vart det servert rosinskjever med ekte norsk geitost. Når ein fyrst er inne på emnet ost. Jalsbergosten ein får kjøpt her borte merkelapp med : Produsert av Tine, Oslo, Norway!

Fredag var det forresten -33 grader celsius, og vind. Det var kaldt det!

Og av andre uviktige opplysingar kan eg meddele at i går brukte vi eine mattetimen til å komme opp med ein formel for donuts (smulteringar).

Sånnja, det var litt om kva som har skjedd her i det siste! Korleis står det til med DEG??? Send ein mail då vel, eller eit brev til postboksen min! Adressa til den er: Else Osmundnes Kvamsås, Campus Box 1408, 731 21st Ave S, Minneapolis MN 55454-1338, USA

Hadabraja!

onsdag 8. februar 2006

Kva har skjedd...

...i livet mitt sidan sist? Vel her er nokre bilder som kan illustrere noko av det.
Eg har ikkje funne noko eksakt svar på kvifor det heng mange sko i eit tre, men det kan vere eit av University of Minnesota sine kunst prosjekt.

Lørdag for 1 1/2 veker sidag, (28.01.06) var det vinterkarneval i St.Paul. Som då er nabobyen til Minneapolis. Vinterkarnevalet varte i ca 1 veke, men denne dagen var det opptog. Opptoget kan vel samanliknast med eit 17.mai tog heime, bortsett frå at ein her hadde kledd seg ut, ikkje kledd seg opp. Og at ein er slapp å gå, ein vart køyrd. Elles var det mange som stod og såg på. På grunn av at det vart litt kaldt etterkvart, fekk eg berre med meg den fyrste timen, men satsar på det beste kom fyrst. Skulle eigentleg ikkje tru at det var så kaldt, for isskulpturane som stod rundtomkring i St.Paul smelta sakte men sikkert, på grunn av at det var for vartm for dei.


Stakkar isborga, det vart litt varmt for den.


Ein liten del av opptoget.


Dette er Minnehaha Falls. Deler av eit naturreservat i Minneapolis/St.Paul området.

No sist lørdag var eg på sight-sing tur rundt om i Minneapolis og St.Paul. Det var mykje fint å sjå, og ettesom det var sol frå nesten skyfri himmel, var det ein veldig fin dag. Det mest interessante var nok Minnehaha Falls. Elles såg eg mange store byggningar (mini-skyskraparar, kyrkjer, idrettsarenaer) og ein del av naturen rundt om her. Treng ikkje reise så langt før eg kjeme litt ut av "by'n". Men det er veldig dårleg med fjell her.

Og her har vi Georg Sverdrup Hall. Det bygget der eg har alle forelesningane mine i. Eg har no droppa eitt fag, slik at eg berre har 3 fag. Har ikkje behov for å ha fleire, og ettersom det er ganske mykje å gjere i kvart fag, var det nok lurast å kutte eit. Har ikkje angra på det for å seie det slik. Elles har eg hatt 2 eksamenar og ein haug med innleveringar. Trur det har gått bra.

Trur jammen eg har fått noko tilnærma likt fisk heile 3 gongar i det siste. Rett nok er den frityrsteikt på eit vis, men det er då verkeleg fisk. I går var det torskenuggets.

På torsdag skal eg i praksis for fyrste gong. Skal vere i Kindergarten, det vil seie i lag med 5 åringar. Kvar torsdag frå 07:30 - 10:00. Stakkars små barn som må stå opp så tidlig... Og på fredag skjer nok denne vekas høgdepunkt. Då er det tid for NBA kamp. (Basketball). Skal sjå Minnesota Timberwolves mot Utah Jazz. Ikkje det at eg har så mykje greie på basketball, men ettersom det er ein veldig populær sport her borte, blir det nok stas.

måndag 23. januar 2006

Kvifor heng det masse sko i eit tree?

Det er rett og slett dagens spørsmål...
Var ute for å utforske litt av nærområdet i dag. Rett før vi skulle krysse Mississippi, gjekk vi forbi eit tre der det hang x antal par sko, der x er eit høgt tal. Veldig merksnodig. Målet no er å finne ut av kvifor det heng mange par sko i treet. Vel, om nokon skulle trenge eit par sko, så veit eg kor det finst mange...

Mississippi.

Dei ville ikkje vere med på bilde, så dei snudde seg når eg kom.

Ei ny veke er over på Augsburg. På tysdag begynte eg med undervising. Til no har eg hatt 3 av dei 4 faga eg skal ha. Og det ser ut til at det vert MYKJE jobbing. I 3 av faga har eg innlevering til kvar time, og i tillegg skal vi ha ein del eksamena. Men det går seg vel til etter kvart... Er ikkje like skremt i dag so det eg var på onsdag.

Den veka her har vi vore bortskjemt med å få poteter til middag nesten kvar dag. Altså tilnærma ordenltege poteter eller potetmos, ikkje berre friterte poteter i ein eller anna merkeleg variant. Hadde eg berre fått litt fisk no, so hadde alt vore velstand.

måndag 16. januar 2006

Fyrste veka på Augsburg

Har no vore på Augsburg College i Minneapolis i ei veke no. Stort sett har det vore mykje orientering, men det har også vore tid til ein del andre aktivitetar. Frå onsdag har alle dei nye internasjonale studentane stort sett vore samla, 1 tysk, 2 slovenske og 9 norske.

Fredag var vi på science museum i St.Paul, tvillingbyen til Minneapolis.
Bilde teke utanfor museet.

Fredag var det også klart for min fyrste ishockey kamp. Augsburg College sitt jentelag spelte kamp mot St.Catherin. Auggies vant overlegent 6-1. Skal vel ikkje akkurat påstå at eg kan reglane i ishockey, så eg var litt spørjande til tider.

Lørdag var det klart for utflukt. Vi skulle prøve tubing. Det er det eg vil kalle å sette seg i ein slange frå eit traktorhjul, og skli nedover ein bakke. Tubing er veldig populært her borte, ganske forståeleg, for det var veldig artig.



Alle internasjonale studentane. Vi hadde det veldig kjekt!!!

Elles har det blit tid til eit par turar til Mall of America, og nokre turar rundt i området der Augsburg College ligg. På tysdag 08:00 byrjar fyrste undervisinga for meg. Skal ha 3 matte kurs og 1 kurs med metodar i matematikk undervising. Trur nok det blir stas. Ser vertfall fram til å komme i gong med undervisinga.