torsdag 30. september 2010

Fjell?

Det er nok mange meiningar om kor høgt ein må vere, for å vere på fjellet. Eg er av den oppfatting av at for å vere på fjellet, så må ein vere over tregrensa, slik at ein har god utsikt når ein er på toppen. Rønningen ligg i eit område med gode turmoglegheiter, noko som er veldig kjekt, men eg saknar å gå på fjellet! Grefsenkollen ligg ikkje så langt frå Rønningen, og eg fekk eit tips om at eg kunne gå dit – og det gjorde eg. Konklusjonenn er at sjølv om eg fekk gått litt oppover på vegen dit, så er ikkje Grefsenkollen innanfor min definisjon av fjell. Men det var ein veldig fin tur, og her er nokre glimt.

På veg til Grefsenkollen, kan ein gå forbi Langvann.



Utsikt frå Grefsenkollen.
Ein kan sjå litt, sjølv om den ikkje ligg over tregrensa.


Grefsenkollen skitrekk.
Mykje som tydar på at dette treng litt opprusting før det kan brukast, men eg likar heismaskinrommet.



Mykje som tydar på at det nærmar seg haust.





Utsikt frå Rønningen.
Holmenkollen er, til no, den einaste plassen eg har funne, som ligg over tregrensa...

onsdag 1. september 2010

Og då var vi godt i gong.

Plutseleg har det gått 1,5 veker sidan TSN flytta inn på Rønningen, og året tok til på ordentleg. Det er mykje nytt og mykje spennande å sette seg inn i, både for elevar og tilsette, men no er vi i gong, og vi er godt i gong.

Ei kjapp oppsummering:
Nordmarka har blitt besøkt ved fleire høve
Maridalsvatnet



Torsdag var det endeleg tid for TSN kick-off. Heile TSN 10/11 var samla for aller fyrste gong. Og det byrja svært bra. Kor mange TSN-prosjekt kan skilte med å ha sunge 10-stemt fyrste gong dei song saman? Det er berre å glede seg til å sjå TSN 10/11 i aksjon, og fyrste moglegheit er søndag 24.oktober kl 15.00, då er det nemleg premiære på årets konsert. Sett av dagen!

TSN 10/11
Sølve, Sindre, Pål André, Petter, Børge, Andreas, Mari, Åsmund, Hanna, Maja, Edel Kristine
Else, Jonas, Camilla, Joakim, Eliasbet, Dag, Anja, Arne Benjamin, Mari, Caroline, Aurora, Hanne, Mari


Fredag var det programkveld for heile skulen, som vi tilsette hadde ansvar for.
Kvelden vart leia av to glade 80-tals rockarar

For å få engasjert alle, hadde vi ein konkurranse som gjekk ut på at kvar rad skulle få ein tråd, og tingen i enden av tråden, frå eine sida til andre, raskast mogleg, gjennom genseren til alle på rad.


Og så kom vil til helg og tur i Nordmarka. Heile skulen, 150 elevar og ca 20 tilsette, ut i skogen i 4 dagar.
Laurdag:  Bislingen - Gjerdingen, 6 km
Søndag: Gjerdingen - Hakloa - Kikut, 17.5km
Måndag: Kikut - Kobberhaugshytta - Nordmarkskapellet, 8,5km
Tysdag: Nordmarkskapellet - Hammeren - Rønningen, 13km


Gjerdingen


Det var lite å sjå av elg eller andre ville dyr, så desse endene får vere representantar for dyreverda.
(Ole, Dole, Doffen, Donald og Onkel Skrue)


Måndag fekk alle prøve seg på kull-teikning.


Det er lite fjell å skryte av i Nordmarka, men kan ikkje sei anna enn at det er fint der likevell.