søndag 31. oktober 2010

Turnè

I morgon deler TSN seg i to team, og legg ut på turne i tre veker!




Foto: Anders Solberg
 Eg skal vere med denne strålande gjengen,som består av Andreas, Anja, Benjamin, Børge, Caroline, Edel Kristine, Elisabet, Hanne, Petter og Pål André,  til Tyskland, Irland og Kviterussland (og ja, vi har visum)



Foto: Anders Solberg
Mari sitt team, som består av Aurora, Camilla, Dag, Hanna, Joakim, Maja, Mari, Mari, Sindre, Sølve og Åsmund reiser til England og Ungarn.


Eg gler meg!

fredag 29. oktober 2010

Stolt!

Kor stolt er det eigentleg mogleg å bli?
Eg trur igrunn ikkje det er mogleg å måle.

Eg er utruleg stolt over TSN 10/11!
Søndag 24.oktober var det premiere på årets TSN show Face it.

Dei har jobba beinhardt i nesten 2 månader, og fått til eit utruleg bra show! Om du ikkje fekk sjansen til å sjå dei på premieren, er det berre å glede seg! Den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves. I mellomtida - kos deg med bilder













torsdag 21. oktober 2010


                                                                                                                                                                         Foto: Anders Solberg


laurdag 9. oktober 2010

Systa har noko ikkje alle andre har…

…ho har nemleg sjokoladefontene, som ho fekk til bursdagen av meg, for snart 2 år sidan. Mi kjære søster er i den kategorien som er over middels glad i sjokolade, og når ein då kjem over ei sjokoladefontene, så var det ikkje så stor tvil om at ho måtte få akkurat det. Då det trengst over 1 kg med sjokolade kvar gong den skal i bruk, så seier det  seg sjølv, at den ikkje er i bruk så ofte. I går var den i bruk for andre gong.










Den beste dagen!!!

Tysdag – ingen tvil!

Det har vore min påstand i 4 år, og eg held fast ved det. Og om du skulle vere i tvil om kvifor: Det er den dagen Deciding, Førde Ten Sing, har øving. I år er jo eg så privilegert at eg får jobbe med Ten Sing kvar dag, men når eg no har hatt over ei heil veke ferie frå TSN, og fått meg ein svært etterlengta tur innom Deciding, kan eg på ny slå fast at tysdagen er den beste dagen i veka.

Spørsmålet Korleis er det på TSN?, har dukka opp ganske mange gongar, når eg no har vore heime på ferie, og eg har komme fram til den beste forklaringa: TSN er som å vere på Deciding heile dagen, heile veka. Rett og slett strålande.


Nokre glimt frå ein strålande kveld,  - som byrja med fellesdansøving







Marte Kristine - Simon, 2-0


Det var fleire tidlegare Decidingarar, som hadde haustferie, og var innom denne dagen.
Og dei ville veldig gjerne vere midtpunkt i bildet...


Pausen, eit av øvinga sine høgdepunkt ;)


Både Ingeborg og eg var godt nøgde heile kvelden.


...og kvelden vart avslutta med song.


...aldri ein tysdag utan!

Den beste årstida?

Eit av dei typiske spørsmåla ein skal ta stiling til på ”vote with your feet” er: Kva likar du best av sommar og vinter? Kva med hausten då? Kvifor er ikkje den med? Eg har i grunn ikkje tenkt så mykje på det med kva årstid som er best og ikkje, alle årstider har sin sjarm. Men her om dagen, då eg var på fjellet, eller nærare bestemt på Støylen, tok eg meg sjølv i å tenke; Det må jo vere hausten som er den beste årstida! Sola skein frå skyfri himmel, og rundtomkring var det tre og lyng i masse forskjellege fargar… Det var rett og slett nydeleg. Så inntil eg blir fanga av naturen i ei ny årstid, går eg for at hausten er den beste/finaste årstida J

Taket på Støylen måtte reparerast litt før vinteren, og eg fekk prøvd meg som takreperatør - ein tredelt prosess når ein har torvtak. Skjære torv - heise den opp - legge den på plass der det mangla torv.



Utsikta frå taket var upåklageleg, både framover...



... og innover i dalen.



Blåbæra var framleis gode, sjølv om lyngen viser tydeleg at hausten er kommen.



Sommar, vinter, haust eller vår, det har igrunn ikkje så mykje å sei,
for eg var uansett på den finaste plassen!