tysdag 25. januar 2011

Utforsking av Nord-Noreg,

- nærare bestemt den nordlege delen av Nordland

TSN er no delt i tre team, og denne veka er eg på tur med Benjamin, Caroline, Hanna, Joakim, Maja, Sølve og Åsmund. Medan teama som er i Mo i Rana og Bodø tok tog, sette vi, på fredag morgon, oss på flyet til Evenes, og fyrste destinasjon Lødingen.

I Lødingen vart det arrangert konfirmanthelg for fyrste gong. 50 konfirmantar fekk vere med på ei helg som eg trur dei seint vil gløyme. Fredagen starta friskt med festivaldans, bli kjent og kveldsavslutting. Laurdag var ein fullstappa dag med både temasamlingar, felleskor og ulike kjente og meir ukjente seminar. Med Joakim i spissen tilbyr TSN i år klovneseminar, som var ein stor hit. Eg er usikker på kor mykje det har blitt dansa i Lødingen kyrkje før, men det var før teamet mitt, (som endå ikkje har konkludert med namn), hadde kveldsshow der laurdag kveld. Konfirmantane og andre som hadde funne vegen til Lødingen kyrkje, fekk seg eit timelangt show, fylt med song, dans, drama og videoar, som eg tur dei vil hugse. Og at dans blei godt motteke, fekk vi eit tydeleg bevis på, då presten ynskte at vi skulle danse festivaldansen saman med heile kyrkjelyden etter postludiumet på gudstenesta søndag. Og han fekk ynskje sitt oppfylt. Gudstenesta søndagen blei utruleg fin, med innslag både av dramaseminar, korseminar og felleskor.

Søndag ettermiddag var det tid for avslapping (soving, strikking, Sister Act og Madagaskar) og svært god bevertning (middag, dessert, kaffe-maskin med STARBUCKS-kaffe, og kveldsmat) heime hos presten.

Måndag morgon sette vi kursen vidare til Øksnes i Vesterålen. Styremøte og øving med Øksnes Ten Sing stod på programmet. Øksnes Ten Sing er ei lita Ten Sing gruppe, men har eit svært stort potensiale.

I dag tidleg, 07.20, sette vi kursen vidare mot Andenes. Som i går, og som vi skal i morgon, sat vi ei god stund på buss-stasjonen på Sortland å venta. Blir godt kjent der. I løpet av den to timar lange turen til frå Sortland til Andenes fekk vi sett både rein, elg, soloppgang og solnedgang. Vel framme på Andenes vart vi innlosjert på hotell. - langt over TSN standard, men vi takka og bukka. Konfirmantundervising var på dagens program, og i løpet av 4 timar, hadde 50 konfirmantar fått ein time undervising om Tvil og tru, lært ein dans og to songar. Godt jobba både av TSN og av konfirmantane!

torsdag 20. januar 2011

Ut på tur

I skrivande stund sit 2/3 av TSN allereie på toget på veg til Nordland, nærare bestemt til Mo i Rana og Bodø, og i morgon tidleg tek eg med meg den siste tredjedelen, endå litt lenger nord i Nordland, i fyrste omgong til Lødingen.

I løpet av den neste veka skal teamet mitt, som endrar teamnamn annakvar dag, og difor ikkje får noko anna namn her enn "teamet mitt", før dei har bestemt seg endeleg, til Lødingen, Øksnes, Andenes og Svolvær, før vi møter dei to andre teama på Hamarøy neste torsdag.

Eg gler meg stort til Norgesturné :)

måndag 17. januar 2011

Godt nytt år

Ettersom det var juletrefest med både juletre og julenisse på Rønningen i går, konkluderer eg med at det ikkje er for seint å sei: Godt nytt år



Og nei, det var ikkje Rønningen som hadde juletrefest, men ein barnehage i nærleiken...

laurdag 1. januar 2011

Kviterussland 2010

14.november
Dagen var kommen for at vi skulle til Kviterussland. Kanskje det landet det var knytt mest spenning til. Det er ikkje så mange som har vore i Kviterussland, og så vidt eg veit har TSN berre vore i Kviterussland ein gong før. Dette var ein dag som byrja veldig tidleg. Kl 04.30 vart vi henta i taxiane som køyrde oss til flyplassen.

Reiseruta i dag var fly til Warszawa, og så minibuss og bil vidare til Brest i Kviterussland. På flyplassen i Warszawa vart vi henta av Aleksander, som er ansvarleg for YMCA i Brest. Frå Warszawa er det ca 3,5 timar til grensa til Kviterussland. Det å skulle krysse grensa og komme inn i Kviterussland, var nok den mest usikre delen av heile turneen. Vi hadde jo fått visum. (Det å få visum er igrunn eit kapittel for seg sjølv…) Alexander hadde advart oss om at på grensa kunne det ta alt frå 2 til 5 timar, og viss vi var veldig uheldige, endå meir…

Frå vi kom til grensa og til vi var inne i Kviterussland, tok det nesten 2,5 timar, så vi var ganske heldige. Fyrst måtte vi gjennom passkontroll for å komme ut av Polen, så var det ny kø, før den neste pass og visumkontrollen inn til Kviterussland. På grensa måtte vi også kjøpe Kviterussisk helseforsikring, for å få komme inn i landet.

Konklusjonen min når det gjeld grensepassering til Kviterussland er: Når det tek 2,5 timar å komme inn i landet MED visum, er eg svært glad for at vi ikkje prøvde å komme inn UTAN i 2003.

Frå grensa var det kort veg til Brest. På YMCA kontoret, som forøvrig ligg i 7 etasje i ei vanleg bustadblokk, vart vi møtt av ein del Kviterussiske ungdommar som har eit ynskje om å starte Ten Sing. Målet for veka i Kviterussland var å inspirerer og hjelpe slik at dei kunne starte Ten Sing i Brest.

For fyrste gong på turneen skulle vi ikkje bu saman. Alle vart plassert i vertsfamilie, og etter litt fram og tilbake, fekk vi ordna slik at alle budde to og to. Etter ein lang dag, (rett nok hadde vi skrudd klokka fram to timar), var vi alle klare for ei god natts søvn.


15.november
Dagen for å bli kjent med byen og YMCA i Brest. Fyrste stopp var universitetet der ein del av ungdommane vi møtte dagen før, går. Her var vi plutseleg del av ein engelsktime. Som pedagog synest eg det var svært interessant, som TSN-leiar synest eg det var bortkasta tid… Etter pausen var det ein ny time, som på alle måtar var meir interessant. Læraren her vart tatt litt på senga då det brått var 10 nordmenn i klassen, men ho utfordra oss med ein gong på å fortelje om Norge og kvifor vi var i Kviterussland, og det blei jammen ein liten spontankonsert.

 

Spntankonsert
På ettermiddagen var det ekskursjon til Brest Fortress, som ligg heilt på grensa til Polen. For å komme oss dit køyrde vi med ein interessant doning, kombinasjon av minibuss og taxi.










Grenesvakthytte mellom Polen og Kviterussland


Og på kvelden var det tid for Dranik-party: Kviterussisk aften. Her fekk vi ein smak på både kviterussisk mat og kultur.




16.november

På ny var det tid for at TSN skulle ha konsert på 1 time. Målet med konserten var å promotere seminar seinare i veka, som igjen skulle rekruttere medlemmar for å få starta Ten Sing Brest. I motsetting til i Tyskland, var det ikkje så mykje utstyr her. 4 mikrofonar og eit piano, i tillegg til gitar som vi hadde med sjølv, så det seier seg sjølv at det vart ein anna konsert enn den i Tyskland. Konserten gjekk sin gong, og dei som stod på scena jobba hardt for å få engasjert publikum, som ikkje alltid var like lett, men innsatsen var det ikkje noko å seie på. Då konserten var over, var publikumarane derimot svært engasjerte, og det enda med 20 minutt autografskriving…



På skule nr 10 fekk vi middag.
Og på menyen var den russiske nasjonalretten Borsj

Borsj, som på norsk er røbetsuppe.
 Ei suppe eg har blanda erfaringar med...

YMCA drama

Publikum er med på YMCA bevegelsane


Og etter konserten var det autografskriving

17.november
Ein kald og våt dag i Brest. Og då var det litt uflaks at det var akkurat denne dagen vi skulle på byvandring…Vi har fått sett mykje av Brest, som ikkje er ein veldig stor by.

Så var det tid for seminar. Kor mange som kom til å komme på seminara var veldig usikkert. Det hadde vore påmelding etter konserten tysdag, og det såg ut til å komme ein del… Det rant inn med ungdommar då dørene vart opna, og i alt 104 deltok på seminar i dans, drama, band og minikor (som i grunn ikkje kan kallast minikor når det er 50 stk der.)

Ei av dei største utfordingane med å vere i Kviterussland er kommunikasjon. Dei fleste av ungdommane som deltok på seminara kunne lite engelsk, og det meste måtte difor oversettast til kviterussisk.


(Mini)kor

Bandseminar

Bandseminar

Dramaseminar

Danseseminar


18.november
Det var tid for shoppingdag i Brest. Då vi stort sett hadde fått shoppa frå oss i Dublin, blei det ikkje så mykje handling, men litt suvenirar og nokre småting blei det på dei fleste.

Elles var det ein ny seminardag, der alle seminara jobba vidare med det dei byrja på i går. Det nye på programmet denne dagen var felleskor, og så hadde eg leiarseminar med dei som skal vere leiarar for Ten Sing Brest.

Felleskor

19.november
Siste dag med seminar og siste dag i Brest. Alt som det var blitt jobba med på seminara skulle settast saman til ein konsert, og med 100 kviterussiske ungdommar som ikkje forstår så mykje engelsk, vart det ei kaotisk øving. Men det er jo som ein seier; ei dårleg generalprøve gjev ei god premiere, og det slo ikkje feil. Konserten gjekk bra, og alle fekk vist fram det dei hadde lært.





Etter konserten var det “Farwell party” på skulen, og så reiste vi tilbake til YMCA kontoret for å vente på at klokka skulle passere midnatt, og vi skulle sette kursen ut av Kviterussland, tilbake til Warszawa og fly heim til Noreg. Då grenseovergangen kunne ta minst like lang tid ut av Kviterussland, som inn, måtte vi reise i god tid. Denne gongen tok det 3 timar på grensa, men ettersom det var midt på natta, var vi stort sett sovande…
Vi kom oss til Warszawa, og litt forseinka kom vi oss også tilbake til Oslo, der vi hadde sin svipptur innom Rønningen, fekk akkurat tid til ein dusj og litt mat, før vi sette kursen til Voksen kirke, for å treffe det andre teamet (Team Kanin) og ha show der.


Etter tre innhaldsrike veker på turne, kan eg konkludere med at livet som leiar på Ten Sing Norway er fantastisk bra! Og Irland og Kviterussland kan kryssast av på lista over land eg har vore i.

Kviterussland 2003

Historia om Kviterussland, byrjar for meg, 30. mars 2003, då eg sjølv var deltakar på TSN.
Eg har nemleg nesten vore i Kviterussland før…

TSN 02/03 skal ta nattoget frå St.Petersburg til Kiev, kl er rundt 16.00. Etter fleire netter på tog i Russland før, var vi blitt vand med tog-cupeane, og funne ut akkurat korleis vi skulle klare å få plass til 4 stk med bagasje og gjerne ein gitar, i ein slik cupe. Vi hadde akkurat fått all bagasjen stabla i cupeen, då vi høyrde Lallis (hovudleiar) rope: “Det er krise, gå ta toget!” Det var ikkje ofte Lallis heva stemma, så i løpet av eit par minutt, var alle deltakarane og leiarane ute på perrongen igjen, med all bagasjen. Det hadde seg nemleg slik at ein av leiarane (trur det var Jesper), hadde høyrt noko om at toget skulle køyre gjennom Kviterussland, på veg til Ukraina. Og til Kviterussland hadde vi ikkje visum…

Etter litt fram og tilbake på perrongen, fekk vi beskjed om å gå innatt på toget. Toget byrja å gå. Vi hadde framleis ikkje visum til Kviterussland, og leiarane jobba hardt med å finne ut kva vi skulle gjere. Vi fekk etter kvart beskjed om å legge oss å sove. Rundt kl 04.30, kom det ny beskjed: “Pakk alt, vi skal ut!” Op på siste stopp før Kviterussland hoppa heile TSN av toget på ein mørk, kald og låst togstasjon i Nevel. Kva vi skulle gjere vidare, viste vi ikkje, men vi tok ikkje sjansen på å prøve å komme inn i Kviterussland utan visum.

Det er natt, mørkt og kaldt i Nevel

Engelskkunnskapane i Russland var sparsommelege, så det var ei utfordring å kommuniserer. Men etter ei stund hadde vi fått kontakt med nokon, slik at vi kom oss inn på togstasjonen i Nevel. Kor lang tid det tok no, før noko nytt skjedde, hugsar eg ikkje heilt, men etter ei stund kom det ein buss og henta oss. Denne skulle frakte oss til Velikije Luki, der vi neste natt kunne ta nattoget til Moskva. Vi er framleis heile TSN med ganske mykje bagasje, og denne bussen har ikkje noko bagasjerom, den har i grunn ikkje nok seter til alle heller… 

Ein svært interessant 3timars busstur


Vi kom oss til Velikije Luki, og vidare til Moskva neste natt. Vidare fekk vi oss ein dag i Moskva, før vi tok nattoget vidare til Kiev. Turen frå St.Petersburg til Kiev skulle tatt i underkant av 24 timar, det tok om lag 72…
Men vi var altså berre nesten i Kviterussland…