måndag 23. januar 2006

Kvifor heng det masse sko i eit tree?

Det er rett og slett dagens spørsmål...
Var ute for å utforske litt av nærområdet i dag. Rett før vi skulle krysse Mississippi, gjekk vi forbi eit tre der det hang x antal par sko, der x er eit høgt tal. Veldig merksnodig. Målet no er å finne ut av kvifor det heng mange par sko i treet. Vel, om nokon skulle trenge eit par sko, så veit eg kor det finst mange...

Mississippi.

Dei ville ikkje vere med på bilde, så dei snudde seg når eg kom.

Ei ny veke er over på Augsburg. På tysdag begynte eg med undervising. Til no har eg hatt 3 av dei 4 faga eg skal ha. Og det ser ut til at det vert MYKJE jobbing. I 3 av faga har eg innlevering til kvar time, og i tillegg skal vi ha ein del eksamena. Men det går seg vel til etter kvart... Er ikkje like skremt i dag so det eg var på onsdag.

Den veka her har vi vore bortskjemt med å få poteter til middag nesten kvar dag. Altså tilnærma ordenltege poteter eller potetmos, ikkje berre friterte poteter i ein eller anna merkeleg variant. Hadde eg berre fått litt fisk no, so hadde alt vore velstand.

måndag 16. januar 2006

Fyrste veka på Augsburg

Har no vore på Augsburg College i Minneapolis i ei veke no. Stort sett har det vore mykje orientering, men det har også vore tid til ein del andre aktivitetar. Frå onsdag har alle dei nye internasjonale studentane stort sett vore samla, 1 tysk, 2 slovenske og 9 norske.

Fredag var vi på science museum i St.Paul, tvillingbyen til Minneapolis.
Bilde teke utanfor museet.

Fredag var det også klart for min fyrste ishockey kamp. Augsburg College sitt jentelag spelte kamp mot St.Catherin. Auggies vant overlegent 6-1. Skal vel ikkje akkurat påstå at eg kan reglane i ishockey, så eg var litt spørjande til tider.

Lørdag var det klart for utflukt. Vi skulle prøve tubing. Det er det eg vil kalle å sette seg i ein slange frå eit traktorhjul, og skli nedover ein bakke. Tubing er veldig populært her borte, ganske forståeleg, for det var veldig artig.



Alle internasjonale studentane. Vi hadde det veldig kjekt!!!

Elles har det blit tid til eit par turar til Mall of America, og nokre turar rundt i området der Augsburg College ligg. På tysdag 08:00 byrjar fyrste undervisinga for meg. Skal ha 3 matte kurs og 1 kurs med metodar i matematikk undervising. Trur nok det blir stas. Ser vertfall fram til å komme i gong med undervisinga.

fredag 13. januar 2006

Nokre bilder frå Central Park og Central Park Zoo









Hadde ikkje trudd at eg skulle få sjå isbjørnar i New York, men så feil kan ein altså ta. Om du skulle vere i tvil, så er det dyret som ikkje er ein vaskebjørn oppe i eit tre, og det som ikkje er ein isbjørn, ein alpakka. "Du store alpakka" (Lektor P.T. Tørdal)

tysdag 10. januar 2006

Kommet meg til USA


Bildet er tatt fra toppen av Empire State Building i New York City. I fronten sees Central Park og Harlem. Nå har vi kommet oss videre til Minneapolis og Augsburg College - nye oppdateringer kommer snart :) Kos dere hjemme