torsdag 23. februar 2006

NBA kamp, salmesong og geitost, eksamen

Det er vel nokre enke stikkord for kva noko av det eg har gjort på i det siste. Fredag 10.februar var det klart for min fyrste NBA kamp, Minnesota Timberwolves mot Utah Jazz. Og det er vel ikkje noko overhengande stor fare for at det kjem til å bli så mange fleire. Var heilt greit å vere der,men basketball var ikkje akkurat det som fenga mest. Skulle kanskje kunna litt meir om reglane og slikt før kampen...

Kvar er ballen? Viss du leitar, så finn du den.

Eg syns nok at maskotten var artigast.

Klare for kamp!

Og vi var ikkje åleine der, for å seie det slik...

Skal vel ikkje legge skjul på at eg er begynt å bli lei av maten her borte. Og det er eg ikkje åleine om. Lørdag 11 var det tid for shopping i downtown Minneapolis, med påfølgjande middag.

Janja, Elin, Linda, Hanne, Hanne, Mari og underteikna.

Du kan tru vi kosa oss!!! Middagen varte vel i 3 timar. På menyen sto blant anna heimelaga potetgull, ordentleg beef og sjokolade-lava kake (med flytande sjokolade inni).

Har vore i praksis to gongar no. Og det er veldig kjekt. Klasserommet må vere alle småskulelærarars draum. Det er mange små stasjonar rundt omkring som borna kan jobbe på, og veldig mykje ulikt materiell til rådigheit. I mårå har borna gått på skule i 100 dagar, så då skal dei ha "100 daga i Kindergarten" fest. Flaks for meg at det er ein torsdag, så eg får vere med :)

I går hadde eg min fyrste geometri eksamen. Og den tredje eksamenen totalt. Dei to fyrste gjekk bra, så eg får satse på at denne og gjorde det. Det kjedelegaste med heile eksamenen var at den starta kl 18:00. Kva er vitsen med det? For å sitere ein tidlegare lærar; Eg berre spør eg!

Apropo tidlegare lærarar. Mandag for to veker sidan traff eg på Marit Rong, som var KRL læraren min på Høgskulen i Bergen, her på Augsburg. Vi såg vel like spørjande ut begge to. Verden er ikkje stor. Søndag tok Bjørnar og meg oss ein tur i den norske kyrkja, som ligg ca 2km frå Augsbug, ettersom Marit var gjesteprest der. Gudstenesta føregjekk på norsk, og det var stort sett berre norsk-amerikanarar med høg lusekoftefaktor der. På kykjekaffien etter på måtte vi presentere oss, og folk var veldig interesserte i å snakke med oss ekte norske, for å høyre om vi kjende til slekta deira i Norge. Og det merksnodigaste av alt, var vel at eg i minst eitt tilfelle gjorde det. Under kyrkjekaffien vart det servert rosinskjever med ekte norsk geitost. Når ein fyrst er inne på emnet ost. Jalsbergosten ein får kjøpt her borte merkelapp med : Produsert av Tine, Oslo, Norway!

Fredag var det forresten -33 grader celsius, og vind. Det var kaldt det!

Og av andre uviktige opplysingar kan eg meddele at i går brukte vi eine mattetimen til å komme opp med ein formel for donuts (smulteringar).

Sånnja, det var litt om kva som har skjedd her i det siste! Korleis står det til med DEG??? Send ein mail då vel, eller eit brev til postboksen min! Adressa til den er: Else Osmundnes Kvamsås, Campus Box 1408, 731 21st Ave S, Minneapolis MN 55454-1338, USA

Hadabraja!

Ingen kommentarer: