laurdag 9. oktober 2010

Den beste dagen!!!

Tysdag – ingen tvil!

Det har vore min påstand i 4 år, og eg held fast ved det. Og om du skulle vere i tvil om kvifor: Det er den dagen Deciding, Førde Ten Sing, har øving. I år er jo eg så privilegert at eg får jobbe med Ten Sing kvar dag, men når eg no har hatt over ei heil veke ferie frå TSN, og fått meg ein svært etterlengta tur innom Deciding, kan eg på ny slå fast at tysdagen er den beste dagen i veka.

Spørsmålet Korleis er det på TSN?, har dukka opp ganske mange gongar, når eg no har vore heime på ferie, og eg har komme fram til den beste forklaringa: TSN er som å vere på Deciding heile dagen, heile veka. Rett og slett strålande.


Nokre glimt frå ein strålande kveld,  - som byrja med fellesdansøving







Marte Kristine - Simon, 2-0


Det var fleire tidlegare Decidingarar, som hadde haustferie, og var innom denne dagen.
Og dei ville veldig gjerne vere midtpunkt i bildet...


Pausen, eit av øvinga sine høgdepunkt ;)


Både Ingeborg og eg var godt nøgde heile kvelden.


...og kvelden vart avslutta med song.


...aldri ein tysdag utan!

1 kommentar:

Edel Kristine sa...

ÅÅååååh! Så utrulig fantastisk!!!! Så utrulig kjekt å sjå! savna dokke alle <3