laurdag 9. oktober 2010

Den beste årstida?

Eit av dei typiske spørsmåla ein skal ta stiling til på ”vote with your feet” er: Kva likar du best av sommar og vinter? Kva med hausten då? Kvifor er ikkje den med? Eg har i grunn ikkje tenkt så mykje på det med kva årstid som er best og ikkje, alle årstider har sin sjarm. Men her om dagen, då eg var på fjellet, eller nærare bestemt på Støylen, tok eg meg sjølv i å tenke; Det må jo vere hausten som er den beste årstida! Sola skein frå skyfri himmel, og rundtomkring var det tre og lyng i masse forskjellege fargar… Det var rett og slett nydeleg. Så inntil eg blir fanga av naturen i ei ny årstid, går eg for at hausten er den beste/finaste årstida J

Taket på Støylen måtte reparerast litt før vinteren, og eg fekk prøvd meg som takreperatør - ein tredelt prosess når ein har torvtak. Skjære torv - heise den opp - legge den på plass der det mangla torv.



Utsikta frå taket var upåklageleg, både framover...



... og innover i dalen.



Blåbæra var framleis gode, sjølv om lyngen viser tydeleg at hausten er kommen.



Sommar, vinter, haust eller vår, det har igrunn ikkje så mykje å sei,
for eg var uansett på den finaste plassen!

Ingen kommentarer: