fredag 31. desember 2010

Irland

7.november
Irland og Dublin var neste destinasjon. På flyplassen vart vi henta av Brian, og køyrd til Lucan Youth Hostel, der vi skulle bu. Det var stor glede over å sjå både seng og dyne i hyttene, som var våre den neste veka. Ei gutehytte og ei jentehytte.


8.november
Kva hadde Irland å by på? Då vi ikkje hadde fått vite veldig mykje om opplegget i Irland på førehand, var det knytt stor spenning til denne formiddagen, då Brian og dei andre på YMCA kontoret i Tallaght, skulle fortelje om YMCA arbeidet og planane for veka. Det var fort klart for oss at YMCA driv eit veldig annleis program her, enn det KM gjer i Noreg. Arbeidet er konsentrert rundt å drive ulike klubbar for born, ungdom og foreldre, som har ein utfordrande livssituasjon. Og det var slike klubbar vi skulle ta del i denne veka. Utruleg spennande!

Allereie fyrste dag, vart teamet, som framleis ikkje har bestemt seg for namn, delt i to Club Jobstown og Club Brookfield, og jobba med to ulike klubbar for born i alderen 7-10 år. Dette var klubbar som dei skulle jobbe med tre dagar, og så skulle vi lage ein felles konsert på fredagen.


9.november
Skulekonsertar var det mykje av i Irland, og dagen starta med 2 skulekonsertar på 45 min. Elevane kom inn og sette seg fint på rekke. Dei var lett å engasjere, og song med på alle songane dei kunne.
Etter skulekonsertar var det tid for “Coffee with mums” i Jobstown. På tysdagane har YMCA i Jobstown eit tilbod til einslege mødre. Konseptet er enkelt, mødrene kjem dit åleine eller saman med born som ikkje er på skule/i barnehage, drikk te/kaffi med dei tilsette, og nokre gongar gjer dei ulike aktivitetar saman. TSN song nokre songar for dei 3 mødrene som var der den dagen, og etter kvart vart det song saman med mødrene. Dei lærte inn True Colors, som skulle framførast på konserten på fredag. To svært interessante og gjevande timar.


Elaine og Chris på YMCA kontoret i Tallaght


Skulekonsert
 Denne ettermiddagen var det klubb for ungdommar opp til 18 år, som stor på programmet. Også for PAKT pluss var målet å øve inn noko til konserten på fredag.


Og ein innhaldsrik dag vart avslutta med middag og møte med folk frå YMCA i heile Irland, som jobba med leiartrening. Idear og erfaringar vart utveksla, og avslutta kvelden med å synge for kvarandre.


  
10.november
Vi vakna til eit par minusgrader, noko som betydde kaos i trafikken. I utgangspunktet skulle vi blitt henta kl 8, men det skjedde ikkje. Vi vart henta med tre forskjellege bilar, noko som også førte til at vi vart henta på tre ulike tidspunkt… Den fyrste skulekonserten skulle byrja kl 08.50, då var ikkje dei siste blitt henta endå… Erfaringa frå denne dagen var at det går greitt å ha skulekonsert med 4 TSNarar og eit el-piano. Resten av teamet slutta seg til etter kvart som dei kom fram til skulen, og dei siste rakk akkurat siste konsert.


Våren 2009 var det nye Youth and Community senteret i Brookfield ferdig bygd, og teke i bruk. I dag var det offisiell opning, og TSN stod for det musikalske innslaget på opninga.

På den offisielle opninga


Ordføraren ser på TSN på den offisielle opninga.
 Elles var det i dag tid for “Coffee with mums” i Brookfield, og vidare opplegg med PAKT-klubbane frå onsdag.


Til no hadde vi berre vore i utkanten av Dublin, så på kvelden var det tid for å utforske Dublin-by. Det var mange barar/pubar/restaurantar å velje mellom, og vi enda opp på Farrington of Tempel bar. Her var det mykje god mat å få, og nokre av oss, særleg eg,  fekk også ein etterlengta tur på Starbucks i løpet av kvelden.





 






















11.november
Luksus med frukost kl 10, og ut på tur kl 11. Bortsett frå nokre timar med club Brookfield og club Jobstown, var det fridag. Brian, Elaine og Chris tok oss med på tur der vi fekk oppleve både irsk kultur og irsk natur.









12.november
Heile veka hadde vi jobba fram mot denne dagen. Felleskonsert med club Brookfield, club Jobstown, PAKT pluss, mødrene og TSN. Men fyrst var det to skulekonsertar og ekskursjon.






Etter mange lange diskusjonar og utallege forslag om teamnamn, klarte gjengen å bestemme seg for Ul10mateam. Andre forslag som har vore diskutert og hardt argumentert for er blant anna A Cup of Tea mmmm, Fiskesteam, Pumbateam, Barteameus, Teamoteus…lista er lang.

Det var knytt stor spenning til konserten. Kor mange av borna og mødrene ville komme? Fekk vi moglegheit til å øve? Ville det gå bra? Det var tidvis ein del kaos, for det var ikkje tid til øving på førehand, men alle borna og mødrene fekk stå på scena å framføre alt dei hadde øvd på i løpet av dei siste 4 dagane. Både dei som stod på scena og dei tilsette ved YMCA var godt nøgde etterpå. God stemning, og på grensa til gåsehud då alle borna avslutta konserten med We are the World.



13.november
Det er alltid kjekt å ha bursdag, men det er ekstra kjekt når ein er på tur med ein så fantastisk gjeng som det eg var i år. Svært godt nøgd med å bli servert bursdagssong og kaffi kl 07.00. I dag var det berre ein skulekonsert, og så var resten av dagen fri. Må jo sei at den fridagen var plassert ganske perfekt! I eit smekk fullt kapell var det om lag 600 studentar som fekk seg ei morgonsamling litt utanom det vanlege. Ul10mateam leverte nok ein gong, og til og med lærarane, som verka litt skeptisk i byrjinga, klappa med på songane.

Så var det endeleg tid for shoppingdag i Dublin. Ettersom det var min bursdag, hadde daghavande, Edel Kristine, bestemt at Starbucks skulle vere møteplass. Bursdagsbarnet som var svært nøgd med det, fekk sin dose med Starbucks-kaffi i løpet av dagen.

Med tanke på at vi framleis hadde ei veke att av turnéen, og 2 flyturar til, var det litt begrensa kor mykje vi kunne shoppe, men eit par sko og nokre julegåver var det plass til i sekken. Lina og meg fann dessutan ein svært stilig café midt i Dublin. Ja, eg gjekk faktisk på andre cafear enn Starbucks… Ei kyrkje som var bygd om til ein cafe/bar/restaurant.







Så var det tid for pakking, og vel 3 timar med søv, før vi måtte stå opp og veka i Irland var over, og Kviterussland var neste stopp.


1 kommentar:

Eli sa...

Eit orgel på ein kafe! Kor kult er ikkje det?!