fredag 31. desember 2010

Tyskland

1.november
Ten Sing Norway deler seg i to tidleg om morgonen, og mitt team, som pr no framleis ikkje har laga seg noko eige teamnamn, og dermed går under namnet Team Else, forlet Rønningen, og det andre teamet, som heller ikkje har funne noko namn, og går under Team Mari. Det er reisedag, og vi reiser fyrst med buss til Gardermoen, vidare med fly til Düsseldorf og så tog vidare til Vlotho, ein liten by ca 3 timar med tog, sør for Düsseldorf.

I følgje programmet vi hadde fått frå Hans-Ulrich i Vlotho, var det ikkje noko program på kvelden, men så feil kan ein ta. På togstasjonen vart vi møtt av Hans-Ulrich og halve Ten Sing Vlotho, og etter å ha komme fram til EKJZ der vi skulle bu, var det mat og sosialisering til langt utpå kvelden. Eg er imponert over TSNarane som heilt uforberedt drog i gong både leikar og allsong. I grunn akkurat slik det skal vere, men ikkje forventa fyrste kvelden.



2. november
Fyrste ordentlege jobbedag på turné. Vi hadde det meste av dagen til førebuing alt som skulle skje denne veka. Planlegging av TS-øvingar, skulekonsertar og diskusjon om teamnamn fylte fyrste del av dagen. På kvelden skulle gjengen min i elden på ordentleg for fyrste gong, Ten Sing Øving med Ten Sing Lönne. Og med god grunn var vi alle godt nøgde etterpå.







Ten Sing Lönne har lært fellesdansen



3.november
Ei ny dag der det var mykje tid til øving på dagen, og det kom godt med, for på fredagen skulle det vere stor konsert på ca 1 time, og det seier seg sjølv at når Face it er på 55 min, og vi ikkje kunne ha med alle element derifrå, så måtte det øvast inn ein del nytt. Og i dag var det Ten Sing øving med Ten Sin Vlotho som stod på programmet. Med gode erfaringar frå dagen før, gjekk også dette svært bra, og ten singarane fekk lært både song, dans og nye leikar.
Ten Sing Vlotho og Ten Sing Norway

4.november
Om vi hadde vore heldige å kunne sove litt lenge nokre dagar, så var det slutt på det no. I dag var nemleg tid for dei fyrste skulekonsertane, og då måtte vi vere på plass på skulen kl 9. På skulekonserten i det fyrste friminuttet var det ikkje mindre enn to lokale aviser, og det vart laga store oppslag i begge avisene.




På kvelden var det den siste Ten Sing gruppa i området, Ten Sing Bad Oeynhausen sin tur til å få besøk.

Evaluering er noko vi har mykje av på TSN. Etter 4 dagar på tur hadde vi erfart at dette er nyttig, men at det også kan verte veldig usakeleg og morosamt når ein byrjar å bli overtrøtte fordi evalueringa kjem på eit tidspunkt då ein heller gjerne skulle vore i soveposen. Diskusjon om teamnamn er omtrent fast inventar på alle evalueringar, og elles eit mykje omsnakka tema.


5.november
Dette var ein stor dag! Dagen då vi skulle ha den store konserten! Men mykje skulle gjerast før den tid. Ny dag med skulekonsert tidleg på dag, og så litt meir tid til øving og rigging. På skulekonserten i dag erfarte vi at dersom alle bidreg med det dei kan, klarer vi å rigge opp alt lydutstyret vi trengte på 10min og nedatt på 5min. Ei god erfaring!
Når det gjeld lyd og lysutstyr, så er det noko TS Vlotho har rikeleg av. Rigginga til konserten byrja på torsdagen, og var ferdig omtrent 5 min før konserten byrja, og vi køyrde fleire tilhengarar med utstyr.



Kl 19.00 var tida der for den store konserten, og etter ei halv gjennomkøyring, var vi litt nervøse alle saman. Underteikna, som hadde ansvar for alt som skulle visast på storskjerm, inkludert. Ein stad mellom 250 og 300 tyske ungdommar var klare for konsert, og nokre av dei hadde reist i over 3 timar for å komme dit. Så om nokon kjende litt på presset, så var det heilt naturleg. MEN det var ingen grunn til å bekymre seg. Mine 10 TSNarar leverte, og leverte og leverte! Sjølv om det nokre minutt før dei hadde publikum heilt under huda, så var det god stemning heile tida, og den gjekk etter kvart rett til værs. Etter å ha levert song, dans, drama, video, og fått med seg publikum på fleire innslag, gjorde dei eit forsøk på å gå av scena etter ca 1 time og 10 min. Applausen ville ingen ende ta, så dei gjekk på scena og leverte både eitt og to ekstranummer til stor jubel. Det var ingen tvil om at dei hadde levert og gjort store ting, då dei avslutta etter tilsaman 1 time og 27 min. Applausen heldt fram til lenge etter at lyset i salen var komme på. Det var ein stor kveld for dei som var publikum, for dei 10 som stod på scena, og ikkje minst for meg som er leiar for den strålande gjengen. Eg er så stolt!












6.november
Det var lite tid til å kvile på lauvbæra etter konserten i går. Kvelden og deler av natta gjekk med til å planlegge seminar til i dag. Målet med skulekonsertane og den store konserten denne veka, var å få deltakarar til seminardagen, som igjen forhåpentlegvis ville rekruttere ungdommar til TS Vlotho. Det var knytt stor spenning til kor mange som kom til å komme, og planen var klar uansett om det skulle komme 10, 50 eller 100. Det var i underkant av 50 deltakarar, noko som var ein fin gjeng. Det var seminar i både dans, drama, minikor, band og direksjon, og alle deltakarane deltok på felleskor. Og heile seminardagen vart avslutta med ein felleskonsert, der alle fekk vist fram kva dei hadde lært på seminara sine i løpet av dagen.

 
Felleskoret

At TSN hadde gjort inntrykk på medlemmane i TS Vlotho, fekk vi eit tydeleg bevis på, då dei på felleskonserten framførte ein eigen song til TSN. (Ny tekst, på ein oppvarmingssong som dei hadde lært av TSN).
Melodi: Kontakten eller Backbeat, som Pål André har skrive den om til
Gutar: Ten Sing, Ten Sing, Ten Sing, Ten Sing Norway, Ten Sing, Ten Sing, Ten Sing, Ten Sing Norway.
Altar: You’re fantastic, you’re fantastic, you’re fantastic, please don’t go away
Sopranar: Our melodies are tickling inside us, we need you, you’re motivation to guide us

Dette var også kvelden for turneens kleinaste augeblikk. Planen var ein roleg kveld med evaluering og pakking, for vi skulle reise ganske tidleg neste morgon. På EKJZ der vi budde, var det ein del TS Vlothoarar, som også skulle overnatte, fordi dei skulle lage frukost til oss, og følgje oss til toget dagen etter. Då vi var klare for å pakke og legge oss, drar dei i gong med obligatorisk klemmerunde. Og ikkje nok med at ein skulle gå i ring å gje alle ein klem, (det hadde jo vore greitt…) så skulle ein fortelje kvar person kvifor ein er så glad i den personen. Det er laurdag kveld, vi møtte desse folka for fyrste gong på måndag. Eg trur vi alle hadde lyst til å gå gjennom golvet ganske fort. Eg må jo berre innrømme at eg veit jo ikkje kva alle heiter ein gong. Det blei 45 kleine minutt med “hug circle”, og eg trur også at vi alle var glade kvar gong det var ein TSNar som stor på andre sida i ringen. Vertfall var eg det!.

7.november
Vi var ferdige med Vlotho, bokstavleg talt. Etter å ha hatt skulekonsertar, Ten Sing øvingar, stor konsert og seminar, så hadde vi ikkje noko meir å gje dei, og det var heilt greitt at vi skulle reise vidare.

TS Vlotho følgde oss til togstasjonen, og dei tørka sine sørgmodige tårer, medan vi song May the road, medan toget kom inn på stasjonen. Tog til Hamburg og fly vidare til Irland var dagens program.


Ingen kommentarer: