tysdag 25. januar 2011

Utforsking av Nord-Noreg,

- nærare bestemt den nordlege delen av Nordland

TSN er no delt i tre team, og denne veka er eg på tur med Benjamin, Caroline, Hanna, Joakim, Maja, Sølve og Åsmund. Medan teama som er i Mo i Rana og Bodø tok tog, sette vi, på fredag morgon, oss på flyet til Evenes, og fyrste destinasjon Lødingen.

I Lødingen vart det arrangert konfirmanthelg for fyrste gong. 50 konfirmantar fekk vere med på ei helg som eg trur dei seint vil gløyme. Fredagen starta friskt med festivaldans, bli kjent og kveldsavslutting. Laurdag var ein fullstappa dag med både temasamlingar, felleskor og ulike kjente og meir ukjente seminar. Med Joakim i spissen tilbyr TSN i år klovneseminar, som var ein stor hit. Eg er usikker på kor mykje det har blitt dansa i Lødingen kyrkje før, men det var før teamet mitt, (som endå ikkje har konkludert med namn), hadde kveldsshow der laurdag kveld. Konfirmantane og andre som hadde funne vegen til Lødingen kyrkje, fekk seg eit timelangt show, fylt med song, dans, drama og videoar, som eg tur dei vil hugse. Og at dans blei godt motteke, fekk vi eit tydeleg bevis på, då presten ynskte at vi skulle danse festivaldansen saman med heile kyrkjelyden etter postludiumet på gudstenesta søndag. Og han fekk ynskje sitt oppfylt. Gudstenesta søndagen blei utruleg fin, med innslag både av dramaseminar, korseminar og felleskor.

Søndag ettermiddag var det tid for avslapping (soving, strikking, Sister Act og Madagaskar) og svært god bevertning (middag, dessert, kaffe-maskin med STARBUCKS-kaffe, og kveldsmat) heime hos presten.

Måndag morgon sette vi kursen vidare til Øksnes i Vesterålen. Styremøte og øving med Øksnes Ten Sing stod på programmet. Øksnes Ten Sing er ei lita Ten Sing gruppe, men har eit svært stort potensiale.

I dag tidleg, 07.20, sette vi kursen vidare mot Andenes. Som i går, og som vi skal i morgon, sat vi ei god stund på buss-stasjonen på Sortland å venta. Blir godt kjent der. I løpet av den to timar lange turen til frå Sortland til Andenes fekk vi sett både rein, elg, soloppgang og solnedgang. Vel framme på Andenes vart vi innlosjert på hotell. - langt over TSN standard, men vi takka og bukka. Konfirmantundervising var på dagens program, og i løpet av 4 timar, hadde 50 konfirmantar fått ein time undervising om Tvil og tru, lært ein dans og to songar. Godt jobba både av TSN og av konfirmantane!

Ingen kommentarer: