torsdag 5. august 2010

BOLK

Eit TSN år byrjar med BOLK (Bibel Og LeiartreningsKurs) på SUFH i Ulsteinvik, og i år var ingen unntak. Har vore på BOLK ein gong før, i 2002, då som deltakar. Trur eg gleda meg minst like mykje til BOLK denne gongen som sist, til å treffe alle TSNarane og dei andre eittåringane i KFUK/KFUM, og til å komme i gong med eit nytt TSN år. Har jo hatt ein plan i fleire år, om at eg skulle vere leiar for TSN 10/11, og når det då gjekk etter planen, så var det veldig kjekt å komme i gong.


Her kjem nokre glimt frå BOLK

Laurdag 26.juni: Kampkveld.
Fyrste kvelden på BOLK, var det kampkveld, og sjølvsagt var det Raudt mot Blått lag. Det var utruleg jamt, og etter litt ivrig poenggjeving frå dommarne Rønneberg og Kvamsås, enda det med siger til det Raude laget. 50035 poeng, mot Blått lag sine 50034 poeng.

Der Raude laget jublar etter ein knepen siger.
Og det Blå laget er godt nøgd, sjølv om det bleit tap.



Søndag 27.juni: Klubbkveld

På Dataklubben
På Kåffå-klubben

Tysdag 29.juni: Internasjonalkveld
Presentasjon av KFUK/KFUM arbeid i ulike delar av verden.




Og når det var internasjonal kveld, var det både rett og rimeleg at Banglus møtte opp.
'

Torsdag 1.juli: Tur til Runde
Eit av dei obligatoriske innslaga på BOLK er tur til Fuglefjellet Runde, for å sjå på Lundefuglar.


Og så fekk vi med oss solnedgangen på Flø

Fredag 2.juli: Speidarkveld ved Snipsøyrvatnet.





Laurdag 3.juli: LUDVIK
”Alle” hadde snakka om Ludvik ei heil veke, og dei fleste hadde pakka sekkane for lenge sidan, då det omsider var klart Ludvik. Ut på tur.


Den fantastiske gjengen som eg var med på tur,
Petter, Arne Benjamin, Iselin, Gina, Joakim og Hanne,
her på Skolma.

På Skolma traff vi på gjengen til Magnus, som bestod av
Børge, Silje, Edel Kristine, Åsmund, Maria, Sindre og Manus



Grøthornet


Søndag 4.juli: LUDVIK
Andre dag på Ludvik, og den fantastiske sterke-gruppa mi brukte berre 2 timar og 20 minutt opp på Melshornet 668m.o.h. Verkeleg eit av høgdepunkta (i dobbel forstand) på BOLK!!!

God stemning på Melshornet 668 m.o.h. kl 21.15


Tysdag 6.juli: Triakveld
Dansing på Triakveld


Torsdag 8.juli: Utegudsteneste på FLØ
Ein anna obligatorisk del av BOLK er utegudsteneste på Flø.
 
 
 
 
 
Søndag 11.juli: Dramaundervising og VM-kveld
 
 






Når det er 4 år mellom kvar VM finale, er det klart at dette må gjerast ordentleg, med storskjem, flagg, heiarop og ballongar. Nokre heia på Spania og nokre heia på Nederland, og tigeren kom tilbake, dennegong som Nederlandsupporter.















Måndag 12.juli: Festkveld
Siste kvelden på BOLK var det duka for både "bryllaupsmiddag" og festkveld med mange flotte innslag. Leiarane stilte med både dans og drama som begge hadde tittelen "BOLK 2010"

Dans med stor innleving

Det var utruleg kjekt å bli kjent med alle som skal vere eittåringar i Norges KFUK/KFUM i 10/11.
Gler meg stort til å vere saman med alle TSNarane det neste året.
Ynskjer Frida, Gina, Iselin, Maria og Silje lykke til med året som CFCarar,
og Beate og June lykke til med året som Norgeseittåringar.

BOLK 2010 kan oppsummerast med eit ord: FANTASTISK
Fantastiske deltakarar, fantastiske folk å vere leiar saman med og fantastiske folk på SUFH.
Takk til alle deltakarar, leiarar og alle på SUFH for eit fantastisk BOLK

2 kommentarer:

Mari sa...

takk for et AWESOME BOLK!
Gler mæ til om to uka!

Beate sa...

Gleder meg til å følge med deg i året som kommer! :D