tysdag 3. august 2010

Pustar liv i ein gammal blogg – med god grunn

Og den gode grunnen eg har for å puste liv i den gamle bloggen, er at eg skal vere med når Ten Sing Norway 10/11 skal få utrulege ting til å skje.

Og kva har eg så gjort sidan sist det var liv i bloggen? – Ei kjapp oppsummering
Fyrst fullførte eg semesteret på Augsburg. Hadde 3 final exams i løpet av eit knapt døgn, levde livets glade dagar i Minneapolis til uti mai 2006, og vende så nasa heimatt til Noreg, Førde og Angedalen. Før eg reiste frå Augsburg hadde eg fått tilbod om jobb i Førde Kyrkje, og sa relativt raskt ja til den jobben – og har ikkje angra eit sekund på det! (Måtte jo sjølvsagt tenke litt, eg var jo nyutdanna lærar, og då ville eg jo eigentleg jobbe som lærar). Men som sagt, eg har ikkje angra eit sekund på at eg byrja å jobbe der. Mykje nytt, mykje spennande, mykje jobb.

Mykje jobb er vel i grunn eit godt stikkord for det eg har drive med dei siste 4 åra, mykje spennande eit anna! Etter 4 år med konfirmantar, LiV, MILK, fjorårskonfirmantar, babysong, 4 åringar, 6 åringar, 11 åringar på Lys Vaken, Vakuumveke og ikkje minst Deciding – mi eiga kjære Ten Sing gruppe, kjende eg behov for nye utfordringar, og har difor eitt års permisjon frå jobben min som Ungdomsleiar i Førde Kyrkje. – Og det skal altså brukast til å vere leiar for 22 fantastiske ungdomar på TSN 10/11.

Korleis og kvifor blei det TSN?
TSN er eit konsept som har fasinert meg lenge før eg sjølv var deltakar i 02/03. Å drive med Ten Sing og leiartrening i eit heilt år, samtidig som ein får reist mykje både i Noreg og Europa, er jo genialt.
Sidan Helge, Ingerid, Ingrid, Mildrid og Sunniva sette meg på den tanken våren 2007, har eg tenkt at ein gong skal eg vere leirar for TSN. Takk for at de sette meg på den tanken! Og takk til TSN 07/08, TSN 08/09 og TSN 09/10 for at de har gjeve meg meir og meir lyst til å vere leiar på TSN, og ikkje minst takk til alle mine kjære Decidingarar som har gjeve meg lyst til å jobbe med Ten Sing kvar dag.


Å vere leiar for TSN er ei fantastisk utfordring, eg likar utfordringar, og eg gler meg!!!

1 kommentar:

Mari sa...

Hurra for blogg! Gjett om eg skal fylgja med på at du oppfører deg, Else, so no må du vera flink å oppdatera :)
Bolk ser forresten herleg ut, det verkar som ein flott gjeng du har fått med deg - og dei har fått med seg ein god leiar :)