søndag 22. august 2010

Frå bondelandet til storbyen

For andre gong har eg flytta til Oslo, for andre gong har eg flytta inn på Rønningen, og for andre gong er det TSN som er årsaka til det.

Dette har eg forlatt:



Angedalen, og ikkje minst alle fjella!!!


Kyr!!!



Og dette har eg flytta til


Det er jo obligatorisk med eit bilde av slottet, når ein har flytta til Oslo.


Og når ein i tillegg kjenner nokon som er i garden, så er det heilt på sin plass med ein tur innom.


No har eg vore på Rønningen ei veke. Ei veke med planlegging og førebuing til at det skal komme 155 elevar i morgon. Det blir utruleg spennande!!! Flaks for meg at eg kjenner ein del av dei frå før, så eg har berre 133 namn å lære ;)
Har stort sett brukt veka på å sette meg inn i ting, og ordne til der eg bur. Men har også fått litt tid til å utforske Nordmarka, og treffe kjentfolk i Oslo. Begge deler er noko eg har tenkt å gjere mykje av!


Dedikert til TSN 02/03


Gler meg veldig til  22 fantastiske TSNarar flyttar inn i dette huset, også kalla "Kråkeslottet", i morgon!


Og ettersom vi no har passert midnatt, og komme til den 22.august, før eg fekk publisert dette innlegget, er det på sin plass å gratulere mamma og pappa med 40års bryllaupsdag. Og mamma med bursdag! HURRA!